About Siv Anita

Hei, velkommen til mi side i webstudiet Multimedia Design hjå Noroff Instituttet. Eg har valt å prøve meg som student etter å ha vore på same arbeidsplass i 14 år. Har alltid likt å vere og tenkje litt annleis enn det som er trenden, faktisk så er eg veldig bevisst på at eg IKKJE ynskjer det som alle andre har eller skal, enten det er klær, utstyr, feriereiser e.l. Etter kvart som ein er blitt forma av miljøet ein trør i til dagleg, mister ein litt av sin eigen identitet og blir ubevisst ein del av “massen”. Då eg starta i ny jobb, “kom eg plutseleg” på at eg har jo all verdens mogelegheiter i dagens samfunn til å gjere kva eg vil, og bli kva eg vil, det gjeld berre å hoppe i det.

Eg er no 39 år, men nokon gonger kjennest det ut som eg er eldre, men oftast gløymer eg at eg ikkje er i 20-åra lenger. Eg har vore gift, men er no sambuar men ein triveleg kar som alltid oppfordrar meg til å prøve det eg går å lurar på, samstundes som han hjelper meg med å sortere alle ballane som kan fyka rundt min person. Tilsaman har me 6 born i alderen 15-25 år, og barnebarn er det òg vorte etterkvart. Det som er kjekt med å vere i lag med dei er at då har ein alltid ein god grunn til å oppføra seg litt annleis enn det omgjevnadane meiner sømmer seg for dei som nærmar seg 40. Tenk å kunna vere så pass opp i åra, og likevel fryde seg over å vere på tivoli eller i badeland. Eg vil ikkje lata andre sine forestillingar – om kva som høver seg for nokon på min alder å gjera- bremsa meg.

Eg er ein person som alltid har store problemer med å fyljge “oppskrifta” enten det er i livsstil, strikking, matlaging e.l., og må endre denne for å lage noko anna, eller noko med annan smak eller fason. Problemet har jo vore at eg veit korleis eg vil det skal verte når det er ferdig, men ikkje korleis eg skal få det til, noko eg håpar desse studiane kan hjelpe meg med.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.