IDÈAR

Etter å å lese litt i Idèbogen kjente eg med ein gong at den undertrykte kreative tenkjemåten kom tilbake. Eg sleit litt med oppgåven til å byrje med, og det trur eg er fordi eg vart litt “låst” i måten å tenkje på, fordi eg var så oppteken av å forhalde meg til dei definerte formene for å lage idèskisser på. Eg har alltid sagt om mine villaste idèar – som pleier å kome på usannsylige tidspunkt at dei “berre poppar opp”. Så eg trur eg vil bruke min beste form for måte å tenkje på og erklærer hermed å kunngjere ein ny definisjon på idèmyldring POPP-OPP-METODEN. Eksempel på korleis dette skjer er: Eg skulle lage fårikål, kom på at me smakte noko nydeleg på ein ferie i Santorini kalla lam kleftiko så eg laga min eigen form for dette: alu.folie-kålblad-lammekjøtt-rødløk-kvitløk- purre-salt-pepar, pakka det sammen, og skal bake det i ovnen i 5-6t. MEN når eg stod å skar opp rødløken skar eg først av toppen og ned langs sidene etterpå, då kom det fram dei utruleg flotte kombinasjonane av fargane i løken og voila – ein idè til ein annan form form for blom. Vidare såg er for meg dette i ei brei skål i lag med purreløken og fekk assosiasjonar om vannliljer i ein dam.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.