Posta av: sivanita | juni 11, 2010

Plakat for lokalt arrangement

Evangerlaurdag 2010_3

Advertisements
Posta av: sivanita | juni 11, 2010

Prosjekt eksamen

Mykje som skjer, har heilt gløymt å leggje ut eksamens oppgåva mi her. Håpar streiken ikkje forkludra sending i posten då.

MMD_ProsjektEksamen_RPRT_SivAnitaJønsson_25052010_001 MMD_Profilmanual_SivAnitaJønsson_25052010_001 

MMD_FP_shvTømmerskisse_SivAnitaJønsson_25052010_001 MMD_FP_LOGO_SivAnitaJønsson

Posta av: sivanita | mai 24, 2010

skisser til eksamen

Posta av: sivanita | mai 24, 2010

Eksamens oppgåva

Skal utarbeide logo til min bror sitt firma, han driv med teikning og prosjektering innafor bygningsbransjen. Det er eit einmannsføretak som han har i tillegg til lærarjobb på yrkesskule innan byggfag. Han har fagbrev og mesterbrev som tømrar og  fagbrev som møbelsnikkar, har teke teknisk teikning og div kurs for å kunne starte opp for seg sjølv. Han har teikna sitt eige hus, som største prosjekt ellers så har han teikna ein del hagestover, garasjer m.m for bekjente. Eg sa eg kunne prøve å lage ein logo som han kunne bruke i marknadsføring og på brevark og evt. ein enkel brosjyre. Slik denne våren vart tek eg nok den enklaste varianten og utviklar logo for han til eksamen, så får me evt. ta det andre seinare.

Me vart tidleg eininge om at logo skulle innehalde illustrasjon om tømmer hytte og at det var viktig at mestermerket kom tydeleg fram. Opplysningar som firmanavn, personleg navn, tlf.nr og epost adresse var òg ynskje om å få med. Eg meiner personleg at personleg navn ikkje er nødvendig sidan Jønsson er eit relativt sjeldent navn i Norge, i tillegg er vel kanskje mobil og e-post nok som kontaktinfo. for å skilje heim og forretning.

Posta av: sivanita | mai 24, 2010

Lenge siden sist…

Med sjukdom og no dødsfall i familien, og ei veninne som me er livredd for blir alvorlig skadet av sin partner, har det vært lite fokus på studiet i vår. Heldigvis var eg begynt litt på eksamen før alt hopa seg opp, og eg fekk utsett eksamen ei veke. Så eg får begynne med å legg inn arbeidet eg gjorde tidlegare, sånn for å komme i gang att….

Posta av: sivanita | mars 23, 2010

Mappeinnlevering

Etter mykje om og men fekk eg endeleg sendt av gårde mappa mi. Redd for at det også denne gongen er noko eg gløymde å ta med i oppgåva, nemleg sideombrekking, men men…. Så fekk eg godkjen prosjektbeskrivelsen min til eksamesnoppgåva ,så det var kjekt, sjølv om presentasjonene av den var veldig enkel. Trur eg har ein tendens til å tru at alt skal vera så omfattande, og at ting hadde gårr mykje betre om eg hadde halde meg til det enkleMMD_GRAM_Mappeinnlevering_SivAitaJønsson_220310_001

Posta av: sivanita | mars 19, 2010

Digital mappe/poritfolio

Litt usikker på kva som er meint her. Reknar jo med at det me har levert inn før er digitale mapper. Meininga er vel å samle desse i ei mappe…. Lurar på om eg kan samle det i ei «brosjyre» i Indesign som skal presentere meg som den «designarern» eg er, og om det her skal vere med nokre personleg opplysningar om meg som person….

Posta av: sivanita | mars 19, 2010

Eksamen – oh skrekk og gru?

Har tenkt å bruke bror min i denne oppgåva. Han har eit einmannsføretak der han teiknar og prosjekterer hus. Han har sjølv berre konsentrert seg om sjølve arbeidet sitt, utan å tenkje på å marknadsføring. Noko eg tenkte kanskje eg kunne hjelpe han med. Han treng jo logo, kanskje ein brosjyre som presenterer han som person og teiknar, i tillegg treng han i allefall visittkort. Han hadde laga seg ein enkel logo som eg alt har leika meg litt med, og sendte det på facebook til han. Han vart veldig nysgjerrig på kva eg kunne få til. Så om oppgåva vert godkjent som eksamens oppgåve så vert det kjekt.

Posta av: sivanita | mars 19, 2010

No er det mykje kjekkare….

Sit her å redigerer/forbetrer(???) tidlegare innleverte oppgåver. Veldig kjekt igrunn. Er no meir bevisst på kva eg må tenkje på i min kommunikasjon og det visuelle intrykket tykkjer eg er vorte betre. Det kjekkaste av alt er at eg no kan tørra å prøve ulike ting, fordi eg veit meir kva eg driv med, og ikkje berre lagre det første og beste som ser ut til å kunne passe i henhold til oppgåve teksten.

Posta av: sivanita | mars 19, 2010

Redigering av obl.oppg.03 Illustrasjon

Har også her gjort oppgåva på nytt digitalt  frå grunnen av, og rapporten er endra med meir fokus på form og bodskap enn den første. MMD_GRAM_RPRT_01_SivAnitaJønsson_220310_001

Older Posts »

kategoriar